Kven er dei progressive i Irak?

(This is a translation into Norwegian of “Who Are the Progressives in Iraq? The Left, the Right and the Islamists,” originally published by Foreign Policy in Focus on September 21, 2004. It is posted on the Norwegian website, dilettant.)

Original story found here.

Ei hending i Irak denne månaden (september 2004, red.anm) vart ikkje nemnd i verken mainstream media eller i den alternative pressa, dette til trass for at hendinga gjev signal om at amerikansk kontroll over Irak si politiske framtid allereie er i ferd med å forsvinna. I august støtta det Kvite Hus etableringa av eit irakisk nasjonalråd med hundre medlemmer frå ulike klanar og ulike etniske- og religiøse grupper, for å avgjera oppbygginga av eit valovervakingsorgan. Denne månaden kom to store politiske parti ? begge sett på som tvilsame av Washington ? best ut i stemmegjevinga.

Mange kritiserer legitimiteten i prosessen Bush-administrasjon vonar å styra i retning nasjonale val i Irak i januar. Dei indirekte vala fann stad under krigstilhøve og AP rapporterer at det var eksplosjonar nær staden der delegatane var samla. Dei irakiske delegatane utvida også talet på viseformenn i nasjonalrådet frå to til fire. Hadde dei ikkje gjort det kunne resultatet har vore endå meir urovekkjande for det Kvite Hus.

Jawad al-Maliki frå Rådet for Islamsk Revolusjon i Irak (SCIRI) flest stemmer, 56 i talet, i avstemminga i september. Denne shiamuslimske gruppa vart kalla eit verktøy for Iran under den USA-leia invasjonen av Irak. Ein annan irakar som er endå mindre attraktiv i Washington sine auge, generalsekretæren i det Irakiske Kommunistpartiet (www.iraqcp.org), Hamid Majid Moussa kom på andre plass med 55 stemmer. Samstundes kom Rasim al-Awadi, delegaten frå den tidlegare CIA-støtta gruppa INA, på tredjeplass med 53 stemmer. På fjerdeplass kom Nasir A?if al-Ani, delegaten frå det Irakiske Islamske Parti, ei sunnigruppe som sympatiserer med den baathist-baserte, antiamerikanske motstanden vest og nord for Baghdad. Han fekk 48 stemmer.

Det lover ikkje vel for Bush-administrasjon å berre ha ein alliert blant fire i dette potensielt svært viktige valovervakingsorganet. Etter at nasjonalrådet var sett ned, men før stemmegjevinga, uttalte det Kvite Hus sin talsmann seg frå Bush sin familieranch i Crawford, Texas: – Valet på nasjonalråd er eit teikn på at det irakiske folket ikkje vil tillata terroristar å stå i vegen for landets demokratiske framtid.

Men kva om valet i Irak tidleg neste år gjev ei regjering ulikt noko Bush-administrasjonen nokon gong har sett føre seg? Den respektere arabisten Juan Cole ved Universitet i Michigan var blant dei fyrste som kommenterte valresultata i nasjonalrådet. Det gjorde han på si eiga nettside www.juancole.com. ? Så, sa han, – denne lista er nok eit bevis på at USA invaderte Irak for å hjelpa ein koalisjon av kommunistar, islamistar og tidlegare baathistiske nasjonalistar til makta. Dersom du hadde sagt noko slikt for tre år sidan ville du blitt ledd ut.

Min fiendes venar

Mange på den amerikanske venstresida ser ut til å vita lite om sine irakiske motpartar, og å skjøna rolla til den irakiske venstresida krev ei nyansert tilnærming. Diverre har den enkle anti-imperialistiske analysa til grupper som International A.N.S.W.E.R. vorte akseptert av fleire progressive organ. Artiklar i The Nation og kommentarar på det uavhengige radioprogrammet Democracy Now har så godt som oversett rolla irakiske progressive spelar. Samstundes har dei retta søkjelys mot, om ikkje forfekta, dei mange ulike irakisk-baserte gruppene som har gjort opprør mot den USA-leia okkupasjonen. Dette har vorte gjort utan at ein har teke seg bryet med å spørja kven desse gruppene er og kva dei tyder for irakarar.

Fleire ting ser no ut til å vera klart rundt Irak-krigen. Den USA-leia invasjonen var det mest uvørne og farlege steget USA har teke sidan krigen i Vietnam. Amerika betaler allereie dyrt og kjem til å betala endå dyrare i framtida for dette. Meir ein tusen amerikanske soldatar er drepne i løpet av vel eit år i ein kampanje som har undergravd amerikansk tryggleik meir enn sjølv presidentkandidat John Kerry klarer å formidla. Internasjonale meiningsmålingar viser at det aldri har vore meir motivlje, om ikkje direkte hat, mot USA rundt om i verda. Dette er akkurat kva al Qa?ida terroristar, ein reell trussel mot USA og andre, treng.

Amerikanske aktivistar som demonstrerte mot krigen i Irak har gjeve eit uvurderleg bidrag gjennom å fortelja resten av verda at millionar av amerikanarar var mot den USA-leia invasjonen. Men fiendens fiende er ikkje med naudsyn ein ven. Å tru det er å klamra seg til ein orwellsk logikk som får amerikanske motstandarar av krigen til å framstå som både uinformerte og som like kyniske som krigstilhengjarane dei kjempar mot. Det ironiske ved Irak-krigen er at Bush-administrasjonen einsidig valde å invadera eit land for å kasta ein leiar som var blant verdas mest forhatte despotar, men likevel klarde å venda hopetal av menneske verda rundt mot USA.

Kven hata Saddam?

Blant Saddam Hussein sine motstandarar har ein alltid funne ingen annan enn Osama bin Laden, som lenge omtalte Saddam Hussein som anten ?vantru? eller som ?ein falsk muslim? nesten kvar einaste gong han nemnde diktatoren i intervju eller fråsegner. Dei mest radikale blant muslimane veit altfor godt at ikkje ei einaste moderne arabisk regjering torturerte og drap så mange muslimar som Saddam sitt Ba?ath-regime. Det er heller ingen andre leiarar i Midtausten som har blodet til så mange kommunistar på hendene som Saddam hadde etter tiår med tortur og drap. Baath-partiet har vore både antikommunistisk og antiislamsk, med etnisk nasjonalisme som fanesak. I Irak var Baath-partiet under Saddam Hussein ei minoritetsregjering. Etnisk arabiske sunnimuslimar har lenge dominert partiet, sjølv om sunniarabarane i dag utgjer maks 17 prosent av det irakiske folket, berre litt fleire enn talet på kvite i Sør-Afrika. Etnisk arabisk shiamuslimar derimot, er nesten like talrike i Irak som svarte i Sør-! Afrika. Alle som er interessert i å styrka dei fattige burde vita at Irak sine shiamuslimske innbyggjarar lenge har vore dei mest ubetydelege i Irak og at det var desse som lei mest under dei USA-støtta FN-sanksjonane. Shiamuslimske menn var lite anna enn kanonføde for Saddam sine mange militære eventyr. Kurdarane, som utgjer 20 prosent av det irakiske folket, hadde til liks med shiamuslimane berre symbolsk innverknad under Saddam.

Motstanden mot Saddam sitt styre tok mange former frå 1979 til 2003, med shiamuslimske, kurdisk-nasjonalistiske og kommunistiske grupper. Kvar av desse mista titusenar av tilhengjarar i brutale aksjonar frå Ba?ath-regimet. Nokre på amerikansk venstreside unnskylda Saddam og sa at hans regime ikkje var verre enn mange andre verda rundt, men Saddam Hussein si framferd fortener ein eigen kategori, han tok i bruk vondskapsfull undertrykking, ofte inklusiv valdtekt og tortur av familiemedlemmer til mistenkte opposisjonelle. Få herskarar nokon stad i verda var så brutale, med eit unntak i den CIA-støtta regjeringa i Guatemala i åttiåra (begge desse regjeringane fekk, er det verd å merka seg, støtte frå USA under Reagan-administrasjonen).

Dei siste åra har ikkje amerikansk venstreside vore dei einaste til å oversjå dei forskjellige irakiske gruppene som lenge hadde kjempa mot Saddam sitt tyranni. Den amerikanske høgresida, nylegast under leiing av Bush-administrasjonen sine nykonservative, oversåg dei også i det dei såg etter irakiske allierte under opptrappinga til den USA-leia invasjonen. I staden for å søkja støtte hos grupper med brei støtte, som den shiamuslimske opposisjonen eller den sekulære venstresida, begge med nærvær i Irak så seint som i 2003, allierte Bush-administrasjonen seg med ei gruppe eksrojalistar leia av den no diskrediterte Ahmed Chalabi. Chalabi sin far var solid plassert i den gamle irakiske overklassen og den rikaste mannen i Baghdad i 1958, når Irak sitt kortliva, britisk-innførte monarki vart kasta. Ba?athistane ? etterkvart under leiing av Saddam ? vann den påfølgjande maktkampen, og både shiamajoriteten og Irak si neststørste befolkingsgruppe, kurdarane, heldt fram med å ve ra taparar, utestengd frå! både innverknad og rikdom.

Opprørarane vs. dei revolusjonære

Fleire grupper slost mot dei USA-leia styrkane i Irak i dag, og framferda til amerikanarane har fått mange individuelle irakiske nasjonalistar til å slutta seg til dei. Dei amerikanske overtrampa inkluderer blant anna audmjukinga ? og torturen ? i Abu Ghraib.

Likevel er alle dei organiserte gruppene i den irakiske motstanden reaksjonære krefter av den eine eller den andre typen. Motstanden rundt og mellom byane Falluja, Tikrig og Baghdad i det såkalla ?sunnitriangelet? er leia av tidlegare ba?athistar som vonar å få det gamle minoritetsbaserte diktaturet attende. Som Juan Cole peiker på anerkjenner Nasir A?if al-Ani, sunnidelegaten frå det Irakiske Islamske Parti, ikkje ein gong shiamuslimane som majoritet i Irak (ikkje ein gong dei verste blant afrikaans-minoriteten i apartheidstyrte Sør-Afrika lata som dei svarte var ein minoritet). Nokre, som Naomi Klein i The Nation, ser ut til å ha falle for al-Mahdi-militsen som nyleg kjempa mot amerikanske styrkar i Najaf. Denne militsen er ei laust organisert shiamuslimsk opposisjonsgruppe leia av Muqtada al-Sadr. Han er ein ung mann som arva posisjonen sin etter at faren og to brødre vart drepte av Saddam. Sidan han manglar både modenheiten og treninga til ein eldre shialeiar har han imidlertid freis! ta å lokka til seg tilhengjarar frå meir respekterte shiamuslimske leiarar gjennom å forfekta militant shiamuslimsk lære, inkludert eksplisitt undertrykking av kvinner og homofile.

Den tredje store gruppa av opprørar i Irak består av utanlandske islamistar, tilknytt al Qa?ida, som til liks med både den saudiske kongefamilien og Osama bin Laden praktiserer ei endå meir ekstrem utgåve av Islam, wahabbismen. Denne gruppa sine nylege offer kan inkludera to kidnappa italienske kvinner (desse er no sett fri, red.anm) som arbeida fro den italienske gruppa Ei Bru til Baghdad, til liks med amerikanske antikrigsgrupper som arbeider i Irak ei gruppe som er motstandarar av den amerikanske okkupasjonen. Den amerikanske antikrigsgruppa Iraq Occupation Watch ser ut til å meina at medlemmer av den irakiske motstanden heldt dei fanga og seier på nettsidene sine at kidnapparane burde anerkjenna at dei italienske kvinnene er krigsmotstandar. På den andre sida seiar Jeremy Scahill i Democracy Now og Naomi Klein i The Nation at ei gruppe støtta av vestleg etterretning kan stå bak bortføringane. Slik ymtar dei om at CIA eller andre forsøker å diskreditera irakisk opposisjon.
Irakarane Bush-administrasjonen føretrekk er kanskje sekulære, men knappast meir beundringsverdige folk. Statsminister Iyad Allawi er ein tidlegare ba?athist som forlot partiet midt i syttiåra. Paul McGeough i Sydney Morning Herald rapporterte nyss om at Allawi personleg avretta (med ein pistol) seks irakarar i ein politistasjon i Baghdad like før han vart statsminister, sjølv om det framleis ikkje finst bevis for dette. CV-en hans er heller ikkje imponerande når det gjeld demokrati, han har allereie forbode det qatar-baserte TV-nettverket al-Jazeera og har innført enkelte unntakslover.

Verken motstandsgruppene mange på den amerikanske venstresida eller styresmaktene forfekta av den amerikanske høgresida ser ut til å reflektera oppfattingane og framtidshåpa til storparten av irakarane, som ser ut til å håpa på grupper som er uavhengige av både Saddam sitt styre og av den meir og meir diktatoriske Allawi-regjeringa. Blant deira moglegheiter finn ein moderate shiamuslimske grupper og sekulære venstregrupper. Gjennom deira leiing kan fleirtalet av irakarar håpa på auka innverknad for fyrste gong i historia.

Diverre ser vanlege irakarar ut til å ha vorte nær gløymd av både den amerikanske venstre- og den amerikanske høgresida. Irakarar må verta verdsette for det dei er, ikkje som bønder i eit partipolitisk spel. Slik sjåvinisme kan kanskje ventast frå ?Amerika fyrst?-talsmenn på høgrevingen, men kan ikkje forsvarast frå ein samvitsfull progressiv. Det er ikkje rart at mange på den amerikanske venstresida i staden for å sjå på Irak sin komplekse politiske realitet i staden klamrar seg til den gode kjensla frå enkle slagord.

Denne artikkelen er skrive av Frank Smyth, ein amerikansk frilansjournalist som blant anna har rapportert frå geriljakrigar i El Salvador, Rwanda og Irak. I 1991 dekka han opprøret mot Saddam Hussein sitt regime, vart seinare teke til fange og sat to veker fengsla i Abu Ghraib. Artikkelen vart fyrst publisert i Foreign Policy In Focus si september-utgåve. Du finn nettsida til Frank Smyth på www.FrankSmyth.com og originalutgåva av artikkelen på www.fpif.org/papers/0409progiraq.html. Dilettant.no har fått løyve til å omsetja og publisera artikkelen.